Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk' (norr. turskr av turrfiskr).
Sei (Pollachius virens, på Vestlandet ofte pale) er ein fisk i torskefamilien. Han kan bli opptil 120 cm lang og vega over 20 kg. Buken og sidene er sølvgråe, mens ryggen er mørkare. Berre ungfiskane har ein kort skjeggtråd.
Seien er ein populær sportsfisk og ein av dei viktigaste matfiskane i Noreg. På Sørlandet og i Vest-Noreg er mort ei vanleg nemning på småsei, det vil seie sei som er under 20 - 25 cm.
Makrell (Scomber scombrus) er ein pelagisk rovfisk som er vanleg i nordvestlege delar av Atlanterhavet, samt Middelhavet. Han høyrer til mellom dei mest populære fiskane i Sør-Noreg, både som sportsfisk, mat og som eit teikn på sommar. Dei sym i stim og jagar i flokk.
Sild (Clupea harengus) er ein fisk i sildefamilien. Han kan bli 40 cm lang, har blanke skjel og kløfta spord. Silda lever pelagisk i stim og livnærer seg på ymse dyreplankton.
Sild vert nytta til mat. Tomatsild, rømmesild og sursild vert brukt som pålegg. Fisken inneheld a-vitamin, d-vitamin og B12
Det norske fisket etter sild foregår for det meste frå oktober til mars.