Friluftsloven

  • Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på omsynsfull framferd overfor grunneigarar, andre brukarar og respekt for naturmiljøet. Friluftslova gjev retningsliner som syner korleis vi skal nytte desse rettane og pliktene:

 

  • Det er ikkje tillate å ferdast på innmark, unnateke når marka er frosen i tida 15. oktober til 29. april. Innmark er mellom anna fulldyrka mark, kulturbeite, hage, hustomt og yngre plantefelt. Utmark er i prinsippet alt som ikkje er innmark. I praksis vil det vere største delen av strender, svaberg, vatn, myr, hei, skog og fjell i Noreg.

 

  • Under ferdsle har alle rett til å dra opp båt eller kano på strandstrekning i utmark, for kortare tid. Du kan ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå grunneigar eller brukar.

 

  • Med telt kan du fritt overnatte same stad i utmark inntil to døgn i låglandet, men reis ikkje telt nærare enn 150 meter frå hus eller hytte der det bur folk.

 

  • Det er forbod mot å ferdast i naturen med motorkøyretøy.

 

  • Ver varsam med eld, hugs at du ikkje skal tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida 15. april til 15. september. Sett ikkje eingongsgrill direkte på bert fjell eller gras. Dersom du lagar bål i strandkanten, ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk.

 

  • Hund skal haldast i band der bufe beiter. Nokre kommunar har strengare reglar for bandtvang, som det er hundeeigaren si plikt å halda greie på.

 

  • Ville bær og sopp kan fritt plukkast.

 

  • Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten. Retten ligg hjå grunneigar, som må gje løyve. Fiskekort kan kjøpast lokalt.

 

  • Meir informasjon om allemannsretten i strandsona finn du på nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning, www.dirnat.no/strandsone.

 

  • I område verna etter naturvernlova gjeld særskilde reglar. Kontakt Fylkesmannen om du ynskjer nærare informasjon.